TeaterfrøUNG presenterar, Unge Blikk og Eventyret ventar!
|
Vargasalen, Oseana
Fredag 20. mars kl. 18:00 og Laurdag 21. mars kl. 13:00 Unge blikk er utvikla av teatergruppa ilag med instruktør. Seks ungdommar møtest på reunion fem år etter ungdomsskulen. Blei alt slik dei trudde eller drøymde om då dei gjekk i same klasse på ungdomsskulen? Stykket handlar om kven du er og kva du vil vere. Kva som påverkar deg og korleis du kjem deg vekk frå det som hindrar deg. Hjelper det eigentleg å bli rik og berømt? Bestill billettar HER |
Bestill billettar HERVargasalen, Oseana
Laurdag 21. mars kl. 17:00 og Søndag 22. mars kl. 13:00 Kva skjer når me sluttar å fortelje eventyr? Eventyret sluttar midt i, fordi forteljaren går heim, og kongen og dronninga veit ikkje kva dei skal gjere. Grete leitar etter smular ho la på stien for mange år sidan og trollet er lei av å alltid vere skurken. Alle vil vere prinsesser, frosken ventar på eit kyss og Casanova Askeladden synest det er urettferdig at alltid Espen får all merksemda. Når forteljaren kjem tilbake blir det forhåpentlegvis ein lukkeleg slutt på eventyret. |
Plakatar illustert av Malena Hollund Ekeland.
Bildedryss frå dei siste åra ...
