Teaterfro
  • Om
  • Produksjon
  • Kurs
  • Ung
  • Kontakt
Picture
​​​Sceneinstruktør, produsent og skodespelar.
Kurs innan formidling, teaterglede og latter. 


​Teaterfrø – eg heiter jo  FRØydis. 
Eg vil få teater- og kulturinteressa til å spire rundt meg og jakte på vekstpunkt i både meg sjølv og andre. 
Teaterglede og kreativitet frå røtene og heilt ut i dei fargerike kronblada. 

Eg jobbar som prosjektleiar og -medarbeidar i ymse prosjekt og oppdrag som skodespelar og instruktør i framsyningar, kurs og produksjonar. Frå april 2020 er eg også tilsett som skodespelar og biblioteksmedarbeidar på Askøy Folkebibliotek (40%) og som Kulturskulelærar i Samnanger kommune (10%) frå 2022, i tillegg til frilans verksemd. 

Eg er utdanna innan drama og teater, samt spesialpedagogikk og litteraturvitskap frå NTNU. Teaterpedagog og Kunstnarisk konsulent på Vestlandske Teatersenter frå 1995-2016.  ​Dei siste åra som hovudansvarleg for Teaterskolen for barn og unge, samt kurs- og kompetansesenteret. 

Eg har undervist barn, unge og vaksne i teater i snart 30 år, som fritidsaktivitet for barn og unge, eller i kurssamanheng for ulike yrkesgrupper. Alle lærer best gjennom leik og latter og eg inviterer ope inn til min leikeplass for å styrke den kompetansen som bur i deltakarane frå før. Teaterfrø ynskjer at flest mogleg skal få oppleva gleda ein kan få av å dele ei teateroppleving som deltakar eller tilskodar. Spennande samarbeid og nye retningar kan springe ut av slike møteplasser. 

Eg er oppvaksen i eit gartneri og mitt arbeid er min måte å la kulturinteressa og teaterfrøa spire og gro ved å ta i bruk teatermetodar i både produksjon, kurs, undervising, regi, manusarbeid og litteraturformidling.
​
fantasien er viktigare enn kunnskap,
for kunnskap er begrensa,
medan fantasien spenner over heile verda
Albert Einstein
Picture
Foto: Svanefoto

Ta kontakt!

Telefon     996 03 271

Epost        [email protected]



Picture
  • Om
  • Produksjon
  • Kurs
  • Ung
  • Kontakt