Teaterfro
  • Om
  • Produksjon
  • Kurs
  • Ung
  • Kontakt
Picture
Oppstart er måndag 4. september

Tid: Måndagar 17:30-19:30
Stad: Halhjem barneskule. (Halhjemsmarka 50)
Pris: Eit teaterår kostar kr 4000,-
Instruktørar: Frøydis Flotve og Veronika F. Røssland
Påmelding: frflotve@online.no

Skuleåret 2023-24 blir det undervisning for éi gruppe for barn og ungdom frå 10 år og oppover. Maksimalt 25 elevar.

Dette spesifikke tilbodet er i Bjørnafjorden Kommune kor det ikkje finst andre teatertilbod for barn og unge.
​Mål for året
  • Gi barn og unge eit teatertilbod med lokal forankring.
  • Gruppa skal utvikle ein større produksjon, som skal bli vist på ulike scenar i vårsemesteret.
  • Gjennom teater - og dramaaktivitetar skal deltakarane få eit undervisningstilbod tilpassa aldersnivå og føresetnader.
  • Undervisninga skal gi teaterfagleg kunnskap, samfunnsengasjement og personleg vekst gjennom samarbeid med andre.
  • Øve opp kropp og stemme for å styrke deltakarane si formidling, sjølvstende og evne til samarbeid
  • Velgje tema for undervisning og produksjonar på bakgrunn av kunstnarlege og pedagogiske vurderingar.
  • Drama og Teater skal henge nært saman.*
  • TeaterfrøUNG skal vere positivt innstilt til samarbeid med ulike organisasjonar og institusjonar.
*Drama handlar meir om det som skjer i gruppa og med den enkelte eleven. Dramaøvingar kan byggast rundt tema som improvisasjon, kommunikasjon, konsentrasjon, sjølvtillit og samarbeid. Teater er å spele skodespel, stå på ein scene framfor eit publikum, korleis spele ei rolle, kroppsspråk, stemmebruk, manuslesing, lys- og lyd, sminke, kostyme osb.
Årets Produksjon! 
Picture

​Teaterfrøa spirer… I løpet av snart 30 år med undervisning er det kjekt å sjå at fleire av elevane som har vore med har, gått på Fyllingsdalen vgs. på dramalinje, på Kunsthøgskulen i Oslo, på Bårdarakademiet i Oslo, og fått moglegheit til å vere med i produksjonar både lokalt, og på større scener som Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Det Norske Teateret osb.
Picture

Ta kontakt!

Telefon     996 03 271

Epost        frflotve@online.no



Picture
  • Om
  • Produksjon
  • Kurs
  • Ung
  • Kontakt