• Om
  • Os barne- og ungdomsteater
  • Kurs og formidling
  • Framsyning og prosjekt
  • Kontakt
  • Om
  • Os barne- og ungdomsteater
  • Kurs og formidling
  • Framsyning og prosjekt
  • Kontakt
Picture
​Ta gjerne kontakt dersom du vil delta, eller ha oss med på eit arrangement!

Picture
Picture
Picture


Skuleåret 2020-21:
Gruppe 1: 4.-7. trinn, mandagar klokka 17-19
Gruppe 2: ungdomsskule og vgs, 19-21
I Nore Neset aktivitetshus.


Ungdomsteatergruppa deltek på DUS- den unge scenen 2020-21. Gruppa har arbeidd fram eit eige manus, basert på boka Virusvår som kom ut i august 2020.
"Takk for at du venter" Framsyningar i Symrasalen på Nore Neset tirsdag 9. mars og mandag 15. mars.
Førehandsomtale på Midtsiden.


Barnegruppa sin premiere basert på Matilda av Roald Dahl blir tirsdag 27. april + framsyning 3. mai. 

Skuleåret 2019-20:
Det vart ingen premierar våren 2020 pga. Covid19-situasjonen.
Elevar frå barne- og ungdomsteateret deltok på
Festkveld for Bjørnafjorden i Oseana 6. mars 2020.

UNGDOMSREVYEN; Bli inspirert! hadde premiere i Symrasalen på Nore Neset torsdag 21. november klokka 18.00
To elevar deltok i "Trollala og julen som forsvant"
i november/desember
Elevar frå ungdomsteatergruppa presenterte ei julehistorie i Drangebu 10. desember, for Turboklubben i Lysefjorden.
Det var også undervisning for 1-4. trinn i samarbeid med Nore Neset grendalag.


​

Kven er OSBUT?

Hausten 2014 starta Frøydis Flotve opp Os Barne- og ungdomsteater.
Dette er eit teaterskuletilbod for barn og unge frå Bjørnafjorden. (frå 4. trinn og oppover) Tidlegare har øvingane vore i ungdomshuset på Haugland, men frå hausten 2020 vil undervisninga føregå to timar pr. gruppe, kvar mandag i aktivitetshuset på Nore Neset.

Pris pr. skuleår: 2500.-
Informasjon og påmelding til: frflotve@online.no

Tidlegare år:

Den eldste gruppa presenterte sin aller første premiere i Oseana 9. mars 2015.
Dei synte framsyninga "
Forandring frydar"  av Sunniva Lovise Harboe
Gruppa deltok på den regionale festivalen DUS - Den unge scenen på DNS 19-21. mars 2015. 
Her hadde Veronika Flotve Røssland hovudregi. 
Den yngste gruppa hadde ei eigenprodusert framsyning vår 2015.
«Kva er vitsen?» var improvisert fram ut frå ulike idear som handla om livet frå nyfødd til gammal.
​Ei blanding av sketsjar, monolog, song og dans.  Her var gruppe 2 med og viste nokre korte sketsjar som dei arbeidde med i mars/april.   
I skuleåret 2015-16 deltok gruppene i lag med Os Kulturskule på deira juleframsyning om Fjøsnissen Borg i Oseana. I tillegg til det produserte gruppene i fellesskap framsyninga om Svarte-Mathilda, dramatisert frå
​Tor Arve Røssland si bok, som vart vist i Ungdomshuset på Haugland i februar/mars. Nokre elevar deltok på Ungdommens Kulturmønstring, og begge gruppene hadde skjult teater i Amfisenteret på Os i mai.
​Elevar frå gruppe 2 laga underhaldningsbidrag til 17. mai-arrangementet på Kyrkjeflaten på Osøyro.
​Det er flott for teatergruppene å få delta i ulike samanhengar og vise fram noko av arbeidet dei gjer.
​Os barne- og ungdomsteater er positivt innstilt til samarbeid med ulike organisasjonar og institusjonar.  
Våren 2017 deltok gruppe 2 på den regionale festivalen DUS - Den unge scenen på Den Nationale Scene i Bergen.
Premieren på stykket "Å telle til null" av Kristofer Grønskag var i Oseana 9. mars. 
​
Gruppe 1 utvikla ei eigenprodusert framsyning med latter som tema. Den hadde premiere 27. mars 2017 i Ungdomshuset på Haugland. 
​På verdas teaterdag! 
​Dette var eit nyskrive manus som gruppa var med på å leike fram. 
​Professor Lattergal sitt latterunivers blir  improvisert fram ut frå fagboka He-he! ei bok om den livsviktige latteren av Erna Osland.  Manusutvikling og produksjon vart støtta av KUP-midlar frå Os Kommune og Hordaland Fylkeskommune. 
Skuleåret 2017-18 jobba gruppe 1 fram ei dramatisering basert på boka til Bente Bratlund; 
Svikta, som kom ut på Mangschou forlag i mars 2017. Stykket vart vist i Ungdomshuset på Haugland og på Os Folkebibliotek vår 2018.  
Gruppe 2 arbeidde med tekstformidling, dialogar, song og dans i kabaret-/revyform. Premieren på LIVET?/! var i Ungdomshuset på Haugland 30. april. Stykket vart også vist på Os Folkebibliotek 2. mai 2018.
Skuleåret 2018-19 var 5-årsjubileet vårt!
Gruppe 1: Arbeidde med å utvikle ny norsk dramatikk fram mot produksjon i vårsemesteret. 
Stykket blei utarbeida av gruppa, i samarbeid med teatergruppa på Nore Neset, instruktør, og forfattar Tor Arve Røssland. 
www.forfattaren.no
Me fekk KUP-midlar frå Os Kommune i 2018, for å lage ein heilstøypt og gjennomarbeida produksjon med elevane:
Prinsesse slim
Ville du helst vore kjendis eller smart? 
Premieren var i Oseana kunst- og kulturhus 
7. mai 2019. ​

Gruppe 2: Var med på Den Unge Scenen 2018-19. http://dus.as/ 
Me arbeidde med stykket: Den store klassepesten av Kjetil Indregard.
Premieren var i Oseana Kunst og Kulturhus 20. mars 2019.
​Den regionale festivalen på Den Nationale Scene i Bergen: 28.-30. mars 2019.  ​
Proudly powered by Weebly