Bli med på eventyr med Teaterfrø!
|
Austanfor sol og vestanfor måne
På turné 2024 (DKS og bibliotek/kulturhus). Likar du Eventyr? Kanskje du likar å dikte dine eigne? Bli med på ei eventyrleg reise kor vi får møte blant anna prinsesser, bjørnar, trollkjerringar og nordavinden. Klarer vi å redde prinsen frå forheksinga? Skodespelarar: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve Frå 4-10 år Lengd: ca. 35 minutt "Austanfor sol og vestanfor måne" hadde premiere i Bjørnafjorden januar 2024. |
|
Trollet utan hjarte
På turné 2023 (DKS og bibliotek/kulturhus). I denne framsyninga blir vi kjend med eit troll utan hjarte og Askeladden som må finne hjartet til trollet for å redde brødrene sine, og Prinsessa sjølvsagt. Denne framsyninga inneheld både skyggeteater og dikting i lag med barna. Skodespelarar: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve Frå 4-10 år Lengd: ca. 35 minutt "Trollet utan hjarte" hadde premiere i Bjørnafjorden januar 2023. |
Tyrihans og prinsessa som ikkje kunne le
På turné 2022 (DKS, bibliotek/kulturhus) I denne framsyninga får barna vere med på eventyr frå "det var ein gong" til "snipp, snapp, snute". Kan du få prinsessa til å le? Skodespelarar: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve Frå 4-10 år Lengd: ca. 35 minutt "Tyrihans og prinsessa som ikkje kunne le" hadde premiere i januar 2022. |
Dei tre mostrene
På turné 2021 (DKS, på Bokbåten Epos, Kulturfest i Olsvik og på bibliotek i Bergen.) I denne framsyninga blir du kjend med fleire typiske eventyrfigurar. Det blir latter, tårer og mystiske hjelparar. Teaterfrø fortel klassiske norske folkeeventyr og inviterer elevar til å dikte sine eigne. Skodespelarar: Veronika F. Røssland og Frøydis Flotve Frå 4-10 år Lengd: ca. 35 minutt "Dei tre mostrene" hadde premiere i januar 2021. |
Send mail til [email protected] for booking!
Ei mor kom til Einstein og spurde kva ho skulle gjere
for at sonen kunne bli ein framgangsrik vitskapsmann.
-Eventyr, sa Einstein.
-Og så?
-Meir eventyr!
Og etter det?
Endå meir eventyr, sa Einstein.
for at sonen kunne bli ein framgangsrik vitskapsmann.
-Eventyr, sa Einstein.
-Og så?
-Meir eventyr!
Og etter det?
Endå meir eventyr, sa Einstein.