Trollala og julen som forsvantHausten 2017 skreiv Teaterfrø manus til framsyninga "Trollala og julen som forsvant", i samarbeid med Stig van Eijk og Beate Helen Thunes.
Frøydis Flotve hadde også regi på framsyninga med premiere i Fana Kulturhus 15. desember 2017. På Ole Bull Scene 2. og 9. desember 2018. I 2019 på oseana 30.11, Fana Kulturhus 1.12. og på Fyllingsdalen teater 4.-5.-6.-desember. I tillegg til framsyninga blir det søkt om midlar til eit større klimaprosjekt med Trollala i spissen. |
LYKKEDAG MED LinFrø 2018
Ein musikalsk kabaret om oss og alle andre.
Linda Nytræ og Frøydis Flotve jaktar på meiningar som ikkje er opptatt. Viss du skulle leve i ein time – kva ville du gjere for å sørge for at livet blei perfekt? Ta deg ein personleg lykkedag med LinFrø! «I de senere årene har linfrø blitt svært populært. Dette er fordi de har vist seg å ha betydelige helsemessige fordeler!» Medverkande: Linda Nytræ og Frøydis Flotve + Musikar, Inge Johannes Bergheim. Premieren var i Oseana 27. oktober 2018. |
Sidan oppstarten av Os barne- og ungdomsteater i 2014 har Frøydis utvikla ei rekke manus for og med elevane.
Trykk HER for å lese meir |