• Om
  • Os barne- og ungdomsteater
  • Kurs og formidling
  • Framsyning og prosjekt
  • Kontakt
  • Om
  • Os barne- og ungdomsteater
  • Kurs og formidling
  • Framsyning og prosjekt
  • Kontakt

Kurs og formidling

"Creativity is contagious. Pass it on." Albert Einstein

Treng du eit kurs?

Ei mor kom til Einstein og spurde kva ho skulle gjere for at sonen kunne bli
​ein framgangsrik vitskapsmann.
-Eventyr, sa Einstein.
-Og så?
-Meir eventyr!  
Og etter det?
​Endå meir eventyr, sa Einstein. 

Kurs for barnehagetilsette og lærarar

​Teaterfrø skreddarsyr  kurs til planleggingsdagen eller personalmøtet. Skal de arbeide med eit spesielt tema?
​Vil de finne nye metodar for læring? 

Produsent, regissør og skodespelar

Skal du gjennomføre eit kulturprosjekt?
Treng du: 
-instruktørhjelp?
-konsulenthjelp i ein produksjon?
-hjelp til p
rogrammering og planlegging av
 eit arrangement?

-hjelp til manus- tekstutvikling?
​-kurs i munnleg fortelling?
-kurs i frå idé til framsyning?

-skodespelar eller opplesar?

Formidlingskurs
​for bibliotekarar, forfattarar, museumstilsette og andre litteraturformidlarar.

Teaterfrø hjelper deg å kome i gang med ditt eige formidlingsprosjekt. Korleis kan du løfte eiga formidling innanfor ei ramme som du kjenner deg komfortabel med? 
Det finst ingen rett måte å formidle på. Alle må finne sin stil, som heng saman med kven du er og kva du formidlar.
Kva er målet? Kva er utfordringa? Korleis bli tydelegare i formidling av bodskap verbalt og fysisk? Kva er det viktigaste som skal til for at formidlinga blir bra? 

Leike- og latterkurs

Kurs for eit meir kreativt og positivt arbeidsmiljø.
Om humor og begeistring på din arbeidsplass.
​Latter i organisasjonen kan auke framgang, 
innovasjon og kreativitet! 

Picture
Picture
Picture
Proudly powered by Weebly