Teaterfrø samarbeider med ulike fagpersonar om å utvikle formidlingsopplegg og framsyningar.
|
Manusutvikling Hausten 2017 skreiv Teaterfrø manus til framsyninga Trollala og julen som forsvant, i samarbeid med Stig van Eijk og Beate Helen Thunes. Frøydis Flotve hadde også regi på framsyninga med premiere i Fana Kulturhus 15. desember 2017. På Ole Bull Scene 2. og 9. desember 2018. I 2019 på oseana 30.11, Fana Kulturhus 1.12. og på Fyllingsdalen teater 4.-5.-6.-desember. I tillegg til framsyninga blir det søkt om midlar til eit større klimaprosjekt med Trollala i spissen. LYKKEDAG MED LinFrø 2018 Ein musikalsk kabaret om oss og alle andre. Linda Nytræ og Frøydis Flotve jaktar på meiningar som ikkje er opptatt. Viss du skulle leve i ein time – kva ville du gjere for å sørge for at livet blei perfekt? Ta deg ein personleg lykkedag med LinFrø! «I de senere årene har linfrø blitt svært populært. Dette er fordi de har vist seg å ha betydelige helsemessige fordeler!» Medverkande: Linda Nytræ og Frøydis Flotve + Musikar, Inge Johannes Bergheim. Premieren var i Oseana 27. oktober 2018. Hausten 2017 starta arbeidet med dramatisering av barneboka Svikta! (Mangschou forlag 2017) av Bente Bratlund, saman med gruppe 1 på Os barne- og ungdomsteater. Urprmiere 23. april 2018. Saman med Os barne- og ungsdomsteater, vart det også utvikla eit nytt manus for barn, som handlar om latter 2016-17. Inspirasjonen kom frå Erna Osland si fagbok om latter: «He-he!- ei bok om den livsviktige latteren» Vil du lage eit nytt teatermanus? Spør gjerne Teaterfrø om tips. |
|