• Om
  • Framsyning og prosjekt
  • Kurs og formidling
  • Kontakt

DKS produksjonar

Picture

Trollet utan hjarte

"Trollet utan hjarte” har
turné i Bjørnafjorden DKS i januar.
Framsyning på Øygarden innbyggartorg og bibliotek, avdeling Rong 28. januar. Framsyningshelg i Hemsedal/Lærdal april 2023.

Ta kontakt om du vil vere med på eventyr!
Picture

Tyrihans
​og prinsessa som ikkje kunne le

Turné på skulane i Bjørnafjorden januar 2022, bibliotek i Bergen, februar, mars og oktober.
Framsyningen blei og vist for hos Bergen offentlige bibliotek og filialar. 
Picture

Dei tre mostrene

Turné på skulane i Bjørnafjorden kommune og nokre barnehagar på Askøy i februar/mars 2021. Samarbeid med skodespelar Veronika F. Røssland. Hausten 2021 presenterte me framsyninga på Bokbåten Epos, DKS Askøy, Kulturfest Olsvik og på Sletten Biblab.
Picture

Les og Le

​Les og le er eit litteratur-formidlingsprogram ut frå Erna Osland si fagbok om latter;
​«He-he!- ei bok om den livsviktige latteren» Opplegget inneheld ei klovneframsyning i klasserommet med påfølgjande samtale om tema og skrivekurs i sakprosa for 5-7. trinn. Ingeborg Stige og Frøydis Flotve utvikla framsyninga under eit Seanse-opphald i Volda i juni 2016. Premiere under Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet 24. juni. 
Hovudmålgruppa for framsyninga er frå 3 år, men den passar for alle.
​Også vist på biblioteket i Bergen hausten 2016,  på biblioteket i Ytre-arna og Landås  og på Hovedbiblioteket i Bergen, haust 2017.
​Erna Osland laga skrivekurs med gjennomgang av mønstertekst og utarbeiding av modelleringstekst som var inkludert i opplegget. 
Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda arbeidde med planar for å legge inn ei utviding av skrivekurset i Språkløyper

​Les og le fekk støtte frå Litteraturbruket og Hordaland Fylkeskommune. www.forfattersentrum.no

Ta kontakt!

Telefon

996 03 271

E-post

frflotve@online.no
  • Om
  • Framsyning og prosjekt
  • Kurs og formidling
  • Kontakt